NVE har gjeve Statnett SF løyve til utviding av Bjerkreim transformatorstasjon, som tidlegare har fått konsesjon, men ikkje er bygd. NVE har samstundes gjeve løyve til Lyse Sentralnett for å skifte topplina på 300 kV Kjelland-Stokkeland.

NVE meiner utvidinga av Bjerkreim transformatorstasjon er naudsynt for å realisere seks vindkraftverk, som alt har fått løyve til bygging i regionen. Utvidinga av transformatorstasjonen legg til rette for auka fornybar kraftproduksjon og betra forsyningstryggleik.

Den nye transformatorstasjonen vil saman med dei konsesjonsgjevne vindkraftverka, påverke landskapet. NVE meiner likevel at løyvet til utviding av Bjerkreim transformatorstasjon, ikkje endrar vesentleg på tidlegare vurderingar av dette.

300 kV kraftleidninga som går frå Kjelland til Stokkeland skal etter planen sløyfast inn til transformatorstasjonen. I samband med dette arbeidet, planlegg Lyse Sentralnett å skifte topplina på kraftleidningen. NVE har gjeve løyve til å bruke noko av eksisterande anleggsvegar og i tillegg byggje fire nye anleggsvegar, for å utføre arbeidet med ny toppline. For å få færrast muleg verknadar av anleggsarbeidet, har NVE sett vilkår om miljø-, transport- og anleggsplan.

Les meir her:

http://beta.nve.no/konsesjonssaker-og-hoeringer/konsesjonssak?id=2788&type=A-1