NVE gjev ikkje Bekk og Strøm AS løyve til å bygge Ådalen kraftverk i Brønnøy kommune i Nordland, grunna negative konsekvensar for reindrift og landskap.

Ådalen kraftverk var planlagt med ein forventa årleg produksjon på 5,1 GWh. Dette svarer til straumbruken til omlag 250 husstandar.

Grunngjevinga for avslaget er at kraftverket ville ført til negative konsekvensar for landskap og reindrift i eit viktig område for reindrifta. NVE har også lagt noko vekt på ulemper for biologisk mangfald, men NVE meiner dette kan avbøtas i større grad enn ulempene for reindrift og landskap. NVE registrerer at både Fylkesmannen og fylkeskommunen fremmar motsegn mot ei utbygging.

NVE meiner dei negative verknadene er større enn nytten av tiltaket for allmenne og private interesser, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Ådalen kraftverk.

Les meir om Ådalen kraftverk