NVE gjev løyve til Eima kraftverk i Hol kommune og Todøla kraftverk i Nes kommune, begge i Buskerud. Eima kraftverk vil produsere om lag 8,5 GWh i eit medels år, medan Todøla kraftverk vil produsere om lag 8,2 GWh. Samla svarar dette til straumbruken til 800 husstandar.

Kraftverka vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon.

Redusert vassføring i Eima vil ha noko verknad for landskap og naturmangfald. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om avbøtande tiltak, som mellom anna tilstrekkeleg minstevassføring og landskapstilpassing i detaljplanfasen.

Todøla kraftverk vil etter NVEs syn ha avgrensa verknader for ålmenne interesser, ettersom kraftstasjonsplasseringa blei justert i forhold til den opphavlege søknaden.

Med vedtaka om Eima kraftverk og Todøla kraftverk, har NVE avslutta handsaminga av i alt ni småkraftsøknadar i Hallingdal frå Flå til Hol i 2014 og 2015. Det er gjeve i fire løyve medan tre søknader er avslått. To av søknadane blei trekt av søkjarane før NVE si slutthandsaming.

For nærare grunngjeving, sjå omtale av sakene på nve.no:

Les meir om Eima kraftverk

Les meir om Todøla kraftverk