NVE gjev løyve til Leneselva kraftverk i Hemne kommune i Sør-Trøndelag.NVE gjev løyve til å byggje Nøra kraftverk i Os kommune, medan Folla kraftverk i Folldal kommune får avslag. Begge prosjekta ligg i Hedmark. Kraftverket vil produsere om lag 7,2 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 360 husstandar.

NVE gjev Blåfall AS løyve til å bygge Nøra kraftverk. Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 669 moh og 607 moh,  og få ein årleg produksjon på om lag 11,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 580 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Nøra vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Den viktigaste problemstillinga i saka er slik NVE ser det, omsynet til akvatisk miljø. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal vere ei heilårleg minstevassføring i Nøra. Det skal og etablerast ein tovegs fiskepassasje, og eit biotopjusterande tiltak skal vurderast i driftsfasen.

NVE gjev ikkje løyve til å byggje Folla kraftverk. Folla kraftverk var planlagt med ein forventa årleg produksjon på 12,7 GWh.  

Grunngjevinga for avslaget er at kraftverket ville hatt negative følger for naturmangfald, landskap og brukarinteresser. NVE vurderer at skader og ulemper for private og allmenne interesser er større enn nytten av tiltaket, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Folla kraftverk.

Les meir om Nøra kraftverk

Les meir om Folla kraftverk