NVE gjev ikkje NGK Utbygging AS løyve til å bygge Svorunden kraftverk i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag fylke, grunna negative verknadar for landskap og biologisk mangfald.

Svorunden kraftverk var planlagt med ein forventa årleg produksjon på 9,2 GWh.

Grunngjevinga for avslaget er at kraftverket ville ført til negative verknadar for et nasjonalt viktig kulturlandskap, noko som gjør at NVE vurderer tiltaket til å vere i konflikt med OEDs retningsliner for små vannkraftverk. NVE har også lagt vekt ulemper for biologisk mangfald, då kraftverket vil ha negative verknadar for to fossesprøytsonar.

NVE meiner de negative verknadane er større enn nytten av tiltaket for allmenne og private interesser, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Svorunden kraftverk.

Les meir om prosjektet.