NVE har motteke konsesjonssøknad frå Norwegian Ocean Power AS for eit pilotanlegg for tidvasskraft i Gimsøystraumen i Vågan kommune i Nordland. Søknad er lagt ut på høyring, og fristen for å komme med merknader er 18. februar 2016.

NOP AS søkjer i medhald av energilova om konsesjon til å byggje og drive eit tidvasskraftverk beståande av to turbinar, med ei samla installert effekt på inntil 0,35 MW. Anlegget vil bli plassert og forankra på havbotnen. Årleg energiproduksjon er berekna til å vere om lag GWh. Krafta vil bli ført i land via sjøkabel og tilkopla eksisterande kraftnett på land.

Søknaden er tilgjengeleg på nve.no, og han er lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå kommunen.