NVE arrangerer folkemøte om uttak av drikkevatn frå Bjerkreimsvassdraget i kommunane Bjerkreim og Gjesdal i Rogaland. Møtet finn stad i «Kulturbanken» i Bjerkreim kommunehus i Vikeså, torsdag 21. januar 2016 kl. 19:30.

På møtet vil søkjar orientere om utbyggingsplanane og konsekvensane ved ei eventuell utbygging, og NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det vert sett av tid til spørsmål og diskusjon.

Søknadane med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehusa i Bjerkreim og Gjesdal kommunar. Søknadane er også tilgjengelege på nve.no.

Frist for å sende fråsegn er 1. mars 2016.