NVE er til stades med geolog og annan geofagleg ekspertise for å hjelpe kommunen og politi.

NVE vart i dag tidleg kjent med at det hadde gått eit jordskred på Osterøy og sendte ut ekspertise frå NVEs regionkontor i Førde. NVE kjem til å vere på staden ut over dagen.

Jordskredfaren har i dei siste dagane vore på oransje nivå (nest høgaste nivå) i Hordaland og Rogaland . Dette grunna mykje nedbør og stor snøsmelting.

Følg oppdatert varsel for flaum- og jordskredfare på varsom.no.