Konsesjonssak - NVE

Kvanndalselva kraftverk

Registreringsnummer
8418
Saksnummer
201911530
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Søknad
Tiltakshaver
SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS
Fylke
Vestland
Kommune
Bjørnafjorden
Vassdragsområde
055.2B
Søkt produksjon
16.80 GWh

Høyring av søknaden om å få byggje Kvanndalselva Kraftverk i Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke

Det har kome inn ein søknad til NVE frå Sunnhordland Kraftlag AS, datert 12.03.2020, om å få byggje Kvanndalselva kraftverk i Bjørnafjorden kommune. Dei søkjer og om å få regulere Holdhustjørna med to meter mellom kote 327,3 og 329,3. I tillegg søkjer dei om å få overføre vatn frå Åreidselva og ein sidebekk til Kvanndalselva til Holdhustjørna, for å nyttegjera seg av vatnet i Kvanndalselva kraftverk. Samstundes søkjer dei om bygging og drift av tilhøyrande koplingsanlegg og kraftliner. Søknaden skal handsamast etter vassressurslova og etter energilova.