Konsesjonssak
Opedal Ljosverk
NVE avslår søknaden frå Opedal Ljosverk AS om løyve til å byggje Opedal Ljosverk i det verna vassdraget Opo/Opsjå i Lofthus i Ullensvang herad fordi ei utbygging vil ha negative verknader på verneverdiane i vassdraget.
NVE meiner at ei utbygging vil gje store irreversible terrenginngrep både i og langs elva Opo, særleg ved inntaket og i den øvste delen av røyrgata. Dette samsvarar ikkje med at vassdraget er verna på grunn av at det er urørt. I området rundt Sørfjorden er tettleiken av vasskraftverk spesielt høg og for ikkje å auke den samla belastninga på vassdraga i denne regionen er også omsynet til sumverknader tillagt stor vekt.
Opedal Ljosverk ville hatt ein produksjon på 5,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 275 husstandar.