Straum til Ormen Lange-feltet - Fase 3 - 45 kV jord- og sjøkabel

Tiltakshaver
A/S Norske Shell
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202015123;202110414
Status
Konsesjon gitt
Dato
02.07.2021
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Aukra

NVE har gjeve A/S Norske Shell løyve til å føre straum ut til gassfeltet Ormen Lange fase 3 for å oppretthalde og auke gassproduksjonen på feltet. 

Grunngjevinga for vedtaket er at trykket i dagens reservoar er fallanda, og det er naudsynt å etablere kompressorar på havbotn ved anlegga på feltet Ormen Lange for å oppretthalde gassproduksjonen. Til det er det naudsynt med meir straum. A/S Norske Shell får løyve etter energilova § 3-1 til å byggje og drive ein ny frekvensomformarstasjon ved dei eksisterande anlegga deira på Nyhamna, og å leggje to om lag 550 meter lange 45 kV jordkablar i same trasé frå stasjonen til landfall mellom Grynnvika og Futvika. Vidare frå landfall får dei løyve til å leggje to om lag 25 km lange 45 kV sjøkablar i same trasé frå landfall til norsk grunnlinje. 

Frå grunnlinja til Ormen Lange-anlegga på havet, får A/S Norske Shell løyve etter havenergilova § 3-2 om å få byggje og drive to om lag 95 km lange 45 kV sjøkablar i same trasé. Dei søkjer òg om naudsynte transformatoranlegg på anlegga på havet. NVE har fått delegert mynde frå Olje- og energidepartementet til å fatte vedtak etter havenergilova § 3-2.

Det totale effektuttaket på Nyhamna vil ved oppstart av anlegga auke frå om lag 210 MW til 230 MW, men på grunn av synkande produksjon, er det venta at effektuttaket under vidare drift vil vere om lag tilsvarande som i dag på 210-220 MW. 

A/S Norske Shell får òg løyve etter energiloven § 3-2 til utvida områdekonsesjon for anlegga på Nyhamna i tråd med endra og utvida reguleringsplan for området.