Knarvik transformatorstasjon

Tiltakshaver
BKK AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202007926
Status
Konsesjon gitt
Dato
31.08.2021
Fylke
Vestland
Kommune
Alver

NVE har gjeve BKK Nett løyve til å byggje og drive ein ny transformatorstasjon i Knarvik i Alver kommune, Vestland fylke. 

BKK Nett får løyve til å byggje ein ny 132/22 kV transformatorstasjon med tilkomstveg og innsløyfing av eksisterande leidningar ved Lonena i Knarvik. NVE meiner det er naudsynt å byggje den nye stasjonen i området for å styrke kapasiteten i kraftnettet og forsyningstryggleiken i området Frekhaug-Flatøy-Knarvik. Dei samla fordelane med stasjonen er etter NVE si vurdering stor samanlikna med dei samla ulempane for nærmiljøet.

NVE har i konsesjonen sett vilkår om at BKK Nett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan, der dei mellom anna skal omtale korleis de skal gjennomføre anleggsarbeid og istandsetting, og dessuten beskrive farge- og materialval på stasjonen si fasade. Planen skal godkjennast av NVE før BKK Nett kan sette i gang anleggsarbeida.