Trongstadlia kraftverk

Registreringsnummer
6637
Saksnummer
201201019,202303957
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
25.06.2015
Tiltakshaver
TRONGSTADLIA KRAFTVERK AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Åfjord
Vassdragsområde
135.3D0
Søkt produksjon
12,30 GWh

NVE gjev TrønderEnergi Kraft AS løyve til å byggje Trongstadlia kraftverk i Åfjord kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil med dei fastsette vilkåra produsere omlag 12,3 GW/år. Dette svarar til straumbruken til 610 husstandar.

I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Trongstadlia kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Kraftverket er planlagt i Amundalselva, med inntak ved kote 201 og kraftstasjon ved kote 155. Vassvegen vil med ein lengde på om lag 1200 meter mellom inntaket og kraftstasjon hovudsakleg gå i tunnel.

Tilknyting av kraftverket til eksisterande nett er endra og vil no gå som jordkabel langs fylkesveg 55. Med desse endringane meiner NVE det ikkje lengre er vesentlege negative konsekvensar for landskap, friluftsliv og reinbeiter knytt til nettilknytinga. 

NVE meiner tiltaket fører med seg akseptable og relativt små ulemper for naturmiljøet og andre allmenne interesser. NVE har fastsett ei minstevassføring på 390 l/s heile året.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til bygging av Trongstadlia kraftverk.