Bindøl kraftverk

Registreringsnummer
6586
Saksnummer
201302843
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
31.08.2018
Tiltakshaver
Bindøl Kraft (SUS)
Fylke
Telemark
Kommune
Fyresdal
Vassdragsområde
019.DA8
Søkt produksjon
4.10 GWh

Løyve til tre nye vasskraftverk og avslag til eit vasskraftverk med regulering i Fyresdal kommune
Bindøl, Bjørnstadåi og Bergeselvi kraftverk har fått løyve, medan Steinsvassåne kraftverk har fått avslag. Eksisterande Soks kraftverk har fått løyve til auka slukeevne og overføring av Furevassbekken.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 20 GWh straum i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 1000 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve ytterlegare 2 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta.

Bindøl kraftverk har fått løyve utan overføring av Skjeggerudbekken. Utan overføringa meiner NVE at det er få negative konsekvensar knytt til ei utbygging av dette kraftverket samstundes som det vil gje ny fornybar energi.
I vedtaket om Bjørnstadåi kraftverk med overføring av Gjerdeåi, har NVE lagt vekt på at tiltaket skjer i eit område av liten allmenn interesse og at ei utbygging vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi. Dei biologiske verdiane i Gjerdeåi er i hovudsak ikkje knytt til fukt, og med tilstrekkeleg minstevassføring meiner NVE at konsekvensane er akseptable.
NVE meiner Bergesåi kraftverk med regulering av Røyningsvatnet gjev små negative konsekvensar for allmenne interesser, samstundes som det vil bidra til fornybar energi med regulering.
NVE gjev vidare løyve til overføring av Furevassbekken til Soks kraftverk, men avslår samstundes søknaden om Steinsvassåne kraftverk og regulering av Steinsvatn. NVE meiner nytteverdien av desse tiltaka ikkje samsvarar med dei negative konsekvensane knytt til irreversible inngrep og landskap.

Det er gjeve konsesjon til dei tre kraftverka NVE meiner har minst innverknad på allmenne interesser.