Rørelva kraftverk

Registreringsnummer
6494
Saksnummer
201106535
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
30.06.2017
Tiltakshaver
CLEMENS KRAFT HOLDING AS
Fylke
Troms
Kommune
Skånland
Vassdragsområde
189.B
Søkt produksjon
8.99 GWh

NVE gjev løyve til Løvdalselva kraftverk i Gratangen og Plasselva og Sandneselva kraftverk i Lavangen. Rørelva og Segelelva kraftverk i Skånland og Dudal og Belneselva kraftverk i Gratangen får avslag. Samstundes anbefaler NVE at OED gir løyve til regulering av Foldvikvatnet og til bygging av Øvre Foldvik kraftverk og Nedre Foldvik kraftverk.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil, saman med dei to som har fått positiv innstilling, produsere om lag 52 GWh straum i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 2650 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve ytterlegare 33,2 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta.

Verknad på landskap og friluftsliv har vore det viktigaste temaet i NVEs vurdering av Rørelva, Segelelva, Dudal og Belneselva kraftverk. For Løvdalselva, Plasselva og Sandneselva kraftverk har mellom anna anadrom fisk, reindrift og landskap vore dei viktigaste tema. Når det gjeld Øvre og Nedre Foldvik har ulempene for reindrift, naturverdiar, landskap og friluftsliv vore vege opp mot fordelane ved auka produksjon av ny fornybar energi. Foldvikanlegga vil i tillegg gje regulerbar energi.

Det er gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner har minst innverknad på ålmenne interesser. Sjølv om planane om Plasselva kraftverk møtte ein del motstand i den offentlege høyringa meiner NVE at verknadane er akseptable gitt avbøtande tiltak.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVEs vurdering vil mindre tilpassingar heller ikkje kunne endre vår konklusjon i dei resterande sakene.