Lødølja kraftverk

Registreringsnummer
6367
Saksnummer
201102887
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
09.03.2017
Tiltakshaver
CLEMENS KRAFT HOLDING AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Tydal
Vassdragsområde
123.DC
Søkt produksjon
15.90 GWh

NVE har behandla seks søknadar om kraftverk i Tydal og Selbu kommunar i Sør-Trøndelag. NVE gjev løyve til Mølnåa i Selbu kommune og Styttåa kraftverk i Tydal kommune. Lødølja, Råna, Møåa og Lauva kraftverk får avslag.

Dei to kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 6,1 GWh i eit gjennomsnittleg år. Det svarar til straumbruken til om lag 300 husstandar. Kraftverka som fekk avslag kunne samla ha gjeve ytterlegare 32,2 GWh/år. Søknadane er behandla samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av kraftverkprosjekta. Reindrift, landskap og friluftsliv har vore sentrale tema i NVE si vurdering av prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til dei kraftverka vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene. For å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser, er det sett vilkår til kvart av dei to prosjekta som har fått løyve. For dei kraftverka som fekk avslag, er det etter NVE si meining ikkje mogleg å sette vilkår som vil gjere konsekvensane for allmenne interesser akseptable.