Vigda kraftverk

Registreringsnummer
5968
Saksnummer
200906193
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.01.2015
Tiltakshaver
VIGDA KRAFT AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Melhus, Skaun
Vassdragsområde
122.2A4
Søkt produksjon
10,00 GWh

NVE har den 20.1.2015 gitt TrønderEnergi Kraft AS løyve til å byggje Vigda kraftverk i Melhus og Skaun kommunar i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil produsere omlag 10 GWh årleg. Det svarar til straumbruken 500 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Vigda kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon. Dei negative effektane for miljø og brukarinteresser er avgrensa, samstundes som kraftverket gir betre utnytting av kraftressursane i eit allereie regulert vassdrag.

Kraftverket er planlagt i Vigda, med hovudinntak omlag ved kote 120 og kraftstasjon ved kote 71,4. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal vere ein kombinasjon av tunnel og nedgraven røyrgate. NVE legg vekt på at alle tekniske installasjonar skal tilpassast landskapet best mogeleg.

Vigda har naturverdiar knytt til den sårbare arten elvemusling og til den kritisk trua arten ål. Nedstrøms kraftstasjonen er det også anadrom fisk. NVE har sett vilkår blant anna om at elvemuslingen skal flyttast til oppstrøms inntaket i Vigda kraftverk, og at inntaket skal utformast slik at ål ikkje kan gå i turbinane. NVE har fastsett ei minstevassføring på 100 liter i sekundet heile året frå inntaket i Vigda kraftverk. Det er samstundes fastsatt ei minstevassføring på 350 l/s frå eksisterande Sagbergfossen kraftverk når dette ikkje er i drift. NVE meiner at minstevassføringa i stor grad vil ta vare på naturmiljøet.

NVE vurderer at i sum er nytten av tiltaket større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Vigda kraftverk på fastsette vilkår.

Det foreligger innsigelse på saken fra Fylkesmannen i Sør-Trøndelag.