Kløftbrua kraftverk
- Registreringsnummer
- 5554
- Saksnummer
- 200804580
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 18.02.2013
- Tiltakshaver
- BLÅFALL PROSJEKT AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Rennebu
- Vassdragsområde
- 121.CA0
- Søkt produksjon
- 14,20 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 18.02.2023
NVE gir Kløftbrua kraft AS løyve til å bygge Kløftbrua kraftverk. Prosjektet ligg i Rennebu kommune i Sør-Trøndelag. Vasskraftverket vil få en årleg produksjon på om lag 14,2 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til rundt 710 husstandar.
Kløftbrua kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 56 meter mellom eit inntak på 405 moh og ein kraftstasjon på 349 moh. Vatnet skal førast 1300 meter i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til dei raudlista artane oter og strandsnipe og til naturtypen bekkekløft. NVE meiner at omsynet til raudlisteartane og naturtypen kan ivaretakast med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring.
NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Kløftbrua kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av i Kløftbrua kraftverk på nærare fastsette vilkår.