Revisjon av konsesjonsvilkår - Hemsil

Registreringsnummer
5404
Saksnummer
200700391
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Revisjon av konsesjonsvilkår
Status
NVEs innstilling til OED (positiv)
Tiltakshaver
E-CO Vannkraft AS
Fylke
Buskerud
Kommune
Hemsedal, Ål
Vassdragsområde
012.CDZ

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje E-CO Energi AS nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Hemsilvassdraget m.v. i Hemsedal, Gol og Ål kommunar i Buskerud fylke.

På bakgrunn av krav frå Hemsedal, Gol og Ål kommunar og Hemsedal fiskerforening har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Hemsilvassdraget m.v.

NVE rår til at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraget, som gir moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak.

NVE tilrår ikkje slipp av minstevassføring i Lauvdøla eller til magasinrestriksjonar i Gyrinos-Flævatn, da fordelane for fisk eller vassmiljø ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og kostnadane dette ville ha ført med seg. NVE rår heller ikkje til landbru over Gyrinos-Flævatn da mulige fordelar for villrein ikkje veg opp for kostnadane og inngrepa dette vil innebære.

Revisjonssaken er relatert til 012.CDZ Hemsil med RevID: 105 i NVE Rapport 49/2013