Geitåni kraftverk

Registreringsnummer
4945
Saksnummer
200700001
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
16.12.2009
Tiltakshaver
GEITÅNI KRAFTVERK AS
Fylke
Vestland
Kommune
Voss
Vassdragsområde
062.B0
Søkt produksjon
19,00 GWh

NVE gjev løyve til å bygge Geitåni kraftverk i Voss kommune, Hordaland fylke. Kraftverket vil etter NVEs berekningar få ein årleg produksjon på om lag 17 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 850 husstandar.

Kraftkarane AS og fallrettseigarar har søkt om løyve til å byggje Geitåni kraftverk i Geitåni og om løyve til å overføre nabovassdraget Ørevikelvi til Geitåni. Kraftverket var planlagd med ei installert effekt på inntil 5,9 MW og ein midlere årleg produksjon på inntil 19 GWh avhengig av utbyggingsalternativ, slukeevne og størrelse på minstevassføringsslipp.

Utbyggingsområdet har verdiar tilknytta biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne. Hovmannafossen kan spesielt trekkjast fram. NVE meiner at ved ei utbygging med slipp av tilstrekkjeleg minstevassføring og krav til utforminga av anlegget, samt at overføringa av Ørevikelvi ikkje gjennomførast, vil ei utbygging vere akseptabel i høve til dei nemnte verdiane.

NVE meiner fordelane av tiltaket i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til å bygge Geitåni kraftverk på fastsette vilkår.