Kupe kraftverk (Storelva)

Registreringsnummer
4879
Saksnummer
200702609
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
04.05.2009
Tiltakshaver
KUPE KRAFTVERK AS
Fylke
Vestland
Kommune
Kinn
Vassdragsområde
085.610
Søkt produksjon
11,00 GWh

NVE gjev Sogn og Fjordane småkraftverk AS løyve til å bygge kraftverk i Storelva i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 11 GWh, noko som svarar til straumbruken til rund 550 husstandar.

Utbygginga vil nytte eit fall på 325 meter over ein strekning på omlag 1,4 km i Storelva. Vatnet vert ført i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

Av omsyn til naturmiljøet og friluftsliv er løyvet gjeve mellom anna på vilkår om at det vert sleppt ei tilsigavhengig minstevassføring på 50 l/s heile året. Det er vidare lagt vekt på at røyrgata skal leggast på austsida og i god avstand frå elva av omsyn til verdifull edellauvskog. Prosjektet medfører få varige inngrep i naturen utover fråføringa av vatn frå Storelva.

Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst mogleg grad.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsatte avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.