Konsesjonssak - NVE

Endring av produksjonsleidningar Litledalen - Hardeland

Tiltakshaver
SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201703360
Status
Konsesjon gitt
Dato
25.08.2017
Fylke
Vestland
Kommune
Etne

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt konsesjon til SKL AS for å leggje om dagens 66 kV og 11 kV produksjonsleidningar mellom Litledalen koplingsstasjon og Hardeland kraftverk, og å samstundes auke spenninga frå 66 kV til 72,5 kV og frå 11 kV til 24 kV på 11 kV leidningnea. Anlegga ligg i Etne kommune i Hordaland fylke.

Grunngjevinga for konsesjonen er at dei to 66 kV leidningane og 11 kV leidningen er mogne for å bytast ut grunna alder. Samstundes skal vegen mellom Litledalen og Hardeland utbetrast, og SKL ønskjer å leggje nye leidningar som kabel i vegskulderen samstundes med vegarbeida. Det er hensiktmessig å auke spenninga frå 11 kV til 24 kV på den eine leidningen fordi 11 kV-spenning ikkje lenger er eit spenningsnivå SKL nyttar og dei ønskjer å standardisere nettet sitt. Då den nye 72,5 kV kV kabelen er tenkt tilknytt Løkjelsvatn kraftverk dersom denne får konsesjon, erstattar søknaden om fornying og omlegging av leidningane den omsøkte nettilknytinga av Løkjelsvatn kraftverk som er omtalt i søknaden for Løkjelsvatn kraftverk.

SKL får konsesjon i medhald av energilova.