Uttak av vatn og regulerig av Kaldbergsvatnet

Registreringsnummer
8498
Saksnummer
201905386
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Akvakultur
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
22.02.2022
Tiltakshaver
LERØY VEST AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Heim
Vassdragsområde
113.1

NVE gir løyve til regulering og uttak av vatn frå Kaldbergsvatnet i Heim kommune

Ei utbygging av Lerøy Midt sitt anlegg vil gi produksjon av rogn og yngel og bidra til auke i verdiskaping lokalt og i regionen. Inngrep med vassinntak og røyrgate er allereie etablert, og vassuttaket har vore nytta til landbasert oppdrett sidan 1986. NVE ser positivt på at dagens vassuttak vert formalisert.

 

NVE vurderer ut frå høyringsuttalane og erfaring med regulering av Kaldbergsvatnet, at dei største ulempene er knytt til regulering av innsjøen. Dette gir negative verknader for friluftsliv og bruk av området. NVE vurderer at ei auke i regulering frå dagens 0,5 m til ei regulering på 1,5 meter, i stor grad vil påverke allmenne interesser. NVE meiner at noko auke i reguleringa til ei regulering på 0,75 meter kan aksepterast for å styrke reguleringskapasiteten. NVE vurderer samstundes at maks uttak ikkje bør vere høgare enn 82 l/s for å ha tilstrekkeleg magasinkapasitet ved ei regulering på 0,75 meter. 

Tiltaket sin verknad for biologisk mangfald er også vektlagt. Det vandrar ål (EN) opp i vassdraget. Med ei reguleringshøgd på 0,75 m, vurderer NVE at det vert overlaup over dammen som vil sikre opp- og nedvandring av ål. NVE meiner at den beste løysinga for å sikre at ål kan vandre vil vere å prøve å oppretthalde høg vasstand i Kaldbergsvatnet, slik at ein får godt med overløp i nedbørsperiodar. Å halde høg vasstand vil også vere positivt for friluftsinteressene. Difor vil ikkje NVE setje krav til sleppav minstevassføring.

Med føresetnad om noko redusert reguleringshøgde og uttak av vatn, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser kan aksepterast.