AS Femangerlaks - uttak av vatn frå Femangervassdraget og regulering av Botsvatnet

Registreringsnummer
8301
Saksnummer
201835240
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Akvakultur
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
12.11.2020
Tiltakshaver
AS FEMANGERLAKS
Fylke
Vestland
Kommune
Bjørnafjorden
Vassdragsområde
053.7Z

NVE gir løyve til uttak av vatn frå Femangervassdraget og regulering av Botsvatnet til produksjon av settefisk

Femangerlaks får løyve til å ta ut vatn frå Femangerelva og Botsvatnet på inntil 250 l/s. Det vert og gitt løyve til å regulere Botsvatnet, mellom kote 76,5 (LRV) og kote 78,0 (HRV). Det skal sleppast ei minstevassføring på 250 l/s frå Botsvatnet. Det vert og gitt løyve til å installere mikrokraftverk på røyrleidning til settefiskanlegget. 

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av AS Femangerlaks sitt anlegg vil gi eit bidrag til produksjon av smolt og auke i verdiskaping lokalt og i regionen. Inngrep med vassinntak og røyrgate er allereie etablert, og vassuttaket har vore nytta til produksjon av settefisk sidan 1985. NVE ser positivt på at dagens vassuttak vert formalisert gjennom ein konsesjonsprosess. Det er vidare positivt at vassuttaket til produksjon av settefisk også vert nytta til produksjon av energi. Kraftverket er ikkje konsesjonspliktig så lenge det vert køyrt etter vassbehovet til settefiskanlegget.

Dei største konfliktane med tiltaket er knytt til biologisk mangfald, der omsynet til bestanden av elvemusling i Femangerelva er vektlagt spesielt. NVE vurderer at tiltaket er akseptabelt, og at ei vidareføring av vassuttaket slik det har vore fram til i dag ikkje vil få ytterlegare negative verknadar for biologisk mangfald. NVE meiner det må sleppast ei tilstrekkeleg minstevassføring for å ta vare på bestanden av elvemusling i Femangerelva.

Femangerelva er omfatta av Verneplan IV for vassdrag frå 1993, der blant anna urørtheit, biologisk mangfald og friluftsliv er viktig grunnlag for vernet. Samtidig har vassdraget blitt nytta til produksjon av settefisk, inkludert regulering av Botsvatn, i fleire år før vassdraget vart verna. NVE har vurdert tiltaket opp mot verdiane som låg til grunn for vern av vassdraget, jf. § 35, og vurderer at verneverdiane i liten grad vert påverka av tiltaket.