Salbu Produksjon AS - søknad om uttak av vatn frå Salbuelva og regulering av Ramsgrøvatn i Hyllestad

Registreringsnummer
8203
Saksnummer
201836836
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Akvakultur
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
01.07.2020
Tiltakshaver
SALBU PRODUKSJON AS
Fylke
Vestland
Kommune
Hyllestad
Vassdragsområde
082.12Z

NVE gjev Salbu Produksjon AS løyve til regulering av Ramsgrøvatnet og uttak av vatn frå Salbuelva i Hyllestad kommune, i Vestland. Vatnet skal nyttast til produksjon av settefisk.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Salbu produksjon AS sitt anlegg vil gi eit betydeleg bidrag til produksjon av smolt og auke i verdiskaping i regionen. Omsynet til biologisk mangfald er vektlagt spesielt då det vandrar sjøaure og ål opp i vassdraget. NVE vurderer at dagens fiskesperre ved Kviadammen, er til stor skade og ulempe for sjøaure og ål. NVE meiner at det er ein føresetnad at sjøaure og ål skal kunne passere inntaksdammen ved Kvia. Dersom det blir etablert fisketrapp og det blir sleppt minstevassføring frå inntaksdam, meiner NVE at tiltaket vil få ein positiv effekt med tanke på sjøaure og ål.

Tiltaket sin verknad for landskap og friluftsliv er også vektlagt. NVE vurderer at etablering av dam og regulering av Ramsgrøvatnet vil gi noko negativ verknad for landskap- og friluftsinteresser. NVE vurderer samtidig at bygging av fisketrapp og opning av ei lenger strekning av elva for anadrom fisk vil vere positivt for fiske og friluftsliv. Med føresetnad om at avbøtande tiltak vert gjennomført, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser kan aksepterast.

NVE meiner at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til uttak av vatn frå Selbuelva og regulering av Ramsgrøvatn.