Konsesjonssak - NVE

Nye 132 kV sjøkablar over Stokksundet

Tiltakshaver
HAUGALAND KRAFT NETT AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201913020
Status
Søknad
Dato
22.03.2020
Fylke
Vestland
Kommune
Bømlo, Stord

NVE har motteke søknad frå Haugaland Kraft Nett om å byggje to nye 132 kV sjøkablar over Stokksundet i Stord og Bømlo kommunar.

I søknaden skriv Haugaland Kraft Nett at kablane skal være 1,4 km og 1,5 km lange. Dei nye kablane skal erstatte dagens 66 kV kablar, som skal fjernast når dei nye kablane er satt i drift. Dei søker òg om å byggje ca. 290 meter ny luftleidning og å rive ca. 340 meter luftleidning på Stord.

Bakgrunnen for søknaden er at dei eksisterande sjøkablane er gamle og i dårleg teknisk stand. Tiltaket vil gi auka overføringskapasitet og leggje til rette for framtidig oppgradering av regionalnettet i Sunnhordaland.

Haugaland Kraft Nett søker om konsesjon i medhald av energilova. Dei søker òg om ekspropriasjonsløyve og førehandstiltreding etter oreigningslova.