Nedre Lanes kraftverk

Registreringsnummer
6963
Saksnummer
201208308
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Søknad
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Bjerkreim
Vassdragsområde
027.E1
Søkt produksjon
16,40 GWh

Høringsfrist: 31.03.2017

Uttalelser kan også sendes via epost til nve@nve.no, eller til Norges vassdrags- og energidirektorat, Postboks 5091, Majorstua, 0301 Oslo

Søknadane med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på serviceavdelinga på kommunehuset og på NVE sine nettsider www.nve.no/konsesjonssaker fram til høyringsfristen går ut. Om du ønskjer papirutgåve av søknadane, ta kontakt med Martin Vangdal på tlf.: 98 83 04 58 eller e-post: martin.vangdal@smaakraft.no. Fråsegn kan sendast oss elektronisk via  www.nve.no/konsesjonssaker, per e-post til nve@nve.no eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo innan 31.3.2017.

Småkraft AS søkjer om løyve etter vassressurslova til å byggje Øvre og Nedre Lanes kraftverk i Storåna. Småkraftverka vil gje ein årleg kraftproduksjon på høvesvis 14,5 og 13,8 GWh etter alternativ 1 eller 8,1 og 7,7 GWh etter alternativ 2. Til saman svarar det til straumbruken til om lag 1400 husstandar etter alternativ 1 og om lag 800 husstandar etter alternativ 2.

Nedre Lanes kraftverk vil nytte eit fall på 34 meter i Storåna mellom kote 224 og kote 190. Vassvegen på 300 meter skal gravast ned heile vegen. Det er behov for å forlenga eksisterande traktorveg med ca. 20 meter ny veg som tilkomst til inntaket og ca. 50 meter til kraftstasjonen. Middelvassføringa i Storåna er ca. 7,2 m3/s og kraftverket er planlagt med maksimal slukeevne på 10,6 m3/s etter alternativ 1 og 3,6 m3/s etter alternativ 2. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 3/1,1MW, og vil etter planen gje ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 13,8 GWh etter alternativ 1 og 7,7 GWh etter alternativ 2. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ei 450 m lang strekning i Storåna. Det er planlagt slepp av minstevassføring på 530 l/s om sommaren og 670 l/s om vinteren  etter alternativ 1. Etter alternativ 2 er det planlagt å sleppe ei minstevassføring på 550 l/s heile året.