Stjernevatn kraftverk

Registreringsnummer
6752
Saksnummer
201203787
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
23.06.2020
Tiltakshaver
FINNMARK KRAFT AS
Fylke
Finnmark
Kommune
Alta
Vassdragsområde
213.410
Søkt produksjon
8,00 GWh

NVE ga tilrådning om løyve. OED går imot NVEs positive innstilling til Stjernevatn kraftverk

 

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Finnmark Kraft AS løyve til å bygge Stjernevatn kraftverk og å regulere Stjernevatn i Alta kommune. Prosjektet vil gje om lag 8 GWh ny fornybar energi. Dette svarer til straumforbruket til omrtrent 400 husstandar. Ei utbygging vil gje eit positivt bidrag til den nasjonale satsinga på fornybar energi. OED går imot NVEs positive innstilling til Stjernevatn kraftverk i brev av 23.06.2020.

 

NVE si tilråding gjeld ei utbygging med inntak i Stjernevatn og avlaup i Lerresfjorden, og løyve til å regulere Stjernevatn med 2 meter.

 

Mulege negative konsekvensar er hovudsakeleg knytt til naturmangfald, landskap og reindrift. NVE finn at minstevassføring, ein avgrensa reguleringshøgd om sommaren og andre avbøtande tiltak vil redusere dei negative konsekvensane tilstrekkeleg til at tiltaket vært akseptabelt i høve til allmenne og private interesser.

 

Etter ei samla vurdering meiner NVE at nytten av tiltaka er større enn ulempene, slik at kravet i vassdragsreguleringslova og vassressurslova er oppfylt.  Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Stjernevatn kraftverk.

 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Avdelingsingeniør Henrik Langbråten, tlf. 22 95 94 18 / 92 09 70 70