Korselva kraftverk

Registreringsnummer
5828
Saksnummer
200903199
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
10.12.2015
Tiltakshaver
FINNMARK KRAFT AS
Fylke
Finnmark - Finnmárku
Kommune
Kvalsund
Vassdragsområde
213.6B
Søkt produksjon
25.00 GWh

Løyve til Korselva kraftverk

NVE gjev Finnmark Kraft AS løyve til å bygge Korselva kraftverk. Kraftverket vil gjere nytte av fallet mellom 225 moh og 69 moh,  og få ein årleg produksjon på om lag 25 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 1250 husstandar.

 

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Korselva kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

 

Den viktigaste problemstillinga i saka er slik NVE ser det, omsynet til reindrift, landskap og naturmangfald. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal vere ei heilårleg minstevassføring i Korselva, at det skal installerast ein omlaupsventil og at anleggsperioden skal tilpassas reindriftas bruk av området.

 

 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Avdelingsingeniør Henrik Langbråten, tlf. 22 95 94 18 / 92 09 70 70