Ripelselva kraftverk

Registreringsnummer
5739
Saksnummer
200902954
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
NGK UTBYGGING AS
Fylke
Vestland
Kommune
Etne
Vassdragsområde
042.230
Søkt produksjon
8,24 GWh

NVE gjev NGK Utbygging AS løyve til å byggje Ripelselva kraftverk i Etne kommune i Hordaland.

Norsk Grønnkraft Utbygging AS vil utnytte fallet i Ripelselva mellom kote 550 og kote 35, og overføre ein nærliggjande bekk kring kote 675. Frå hovudinntaket vert vatnet ført i nedgrave røyrgate dei første 60 metrane ned til kote 530, derifrå vert vatnet ført vidare i eit borehol ned til kraftstasjon på kote 35. Årleg middelproduksjon er berekna til ca. 8,2 GWh.

NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Ripelselva kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa verknad for miljø. Omsynet til inngrepsfrie naturområder og Ripelsgjuvet som ei viktig bekkekløft er vektlagt. Tiltaket ligg i randområdet til Etnefjella med villmarksprega naturområder. NVE legg til grunn at inngrepa vil finne stad i eit anna landskapsrom og såleis ikkje forringe opplevinga av urørthet i dette fjellområdet. NVE meiner at den omsøkte utbygginga er akseptabel med omsyn til landskap og inngrepsfrie naturområder. Lokaliteten Ripelsgjuvet er vurdert som viktig i nasjonal og regional samanheng, og er gitt verdi 4 i «Bekkekløftprosjektet». NVE meiner at det bør sleppast ei noko større minstevassføring i sommarhalvåret med tanke på å sikre det rike artsmangfaldet knytt til bekkekløfta. Med føresetnad om at avbøtande tiltak vert gjennomført, for å ta vare på landskap og biologisk mangfald, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser er akseptable.

NVE vurderer at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Ripelselva kraftverk på nærare fastsette vilkår.