Konsesjonssak - NVE

Bildøybakken transformatorstasjon og nye jordkablar i Øygarden kommune

Tiltakshaver
BKK NETT AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201907228
Status
Konsesjon gitt
Dato
24.02.2020
Fylke
Vestland
Kommune
Øygarden

NVE har motteke søknad frå BKK Nett om løyve til å la delar av dei nedlagde jordkablane mellom Litlesotra og Bildøybakken i Øygarden kommune bli liggande i bakken.  Kablane dei søker om å la ligge er 400 og 280 meter, og er vist med blått på karet i boksen til høgre. 

Grunngjevinga for søknaden er at dei meiner at å grave opp kablane vil gje større ulemper for samfunnet og grunneigarar enn å la dei ligge.

NVE ga 24.02.2020 BKK Nett AS konsesjon til å etablere Bildøybakken transformatorstasjon. Vi har òg gjeve konsesjon og ekspropriasjonsløyve for to nye 132 kV jordkablar mellom Litlesotra og Bildøybakken transformatorstasjonar.  Eksisterande luftleidningar på strekninga skal rivast når dei nye jordkablane er bygd. 

Bakgrunnen for vedtaket er at Statens vegvesen skal byggje ny riksveg 555, fastlandssambandet Sotra–Bergen, som gjer det naudsynt å leggje om eksisterande luftleidningar.. BKK Nett har difor fått løyve til å byggje to nye ca. 5,3 km lange jordkablar frå Litlesotra til Bildøybakken, kor det skal etablerast ein ny transformatorstasjon i ein eksisterande bygning som BKK Nett eig.

NVE har sett vilkår om at BKK Nett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan. 

Grunn og rettshavarar som ekspropriasjonløyve vedkjem, kan finne relevant informasjon om kva det inneber på denne nettsida.