Kraft frå land til Troll B- og C-plattformane i Nordsjøen

Tiltakshaver
EQUINOR ENERGY AS
Sakstype(r)
Nett, Andre energianlegg
Saksnummer
201842913
Status
Søknad
Dato
14.01.2019
Fylke
Vestland
Kommune
Øygarden

NVE har motteke søknad frå Equinor om ein ny straumkabel frå Kollsnes til Troll B- og C-plattformane i Nordsjøen. Søknaden er no på høyring, med frist for uttale 1. mars 2019.

Equinor søker om ein ny 300/132 kV transformatorstasjon, ein 300 kV kabel og utviding av eksisterande transformatorstasjon på Kollsnes, og om ein vekselstraumkabel med kapasitet 170 MW kapasitet frå Kollsnes ut til grunnlinja. Vidare ut til plattformane søker Equinor om løyve etter havenergilova, og dei vil søke Olje- og energidepartementet om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) av Troll-felta.