Øvre Forsland kraftverk

Registreringsnummer
4620
Saksnummer
200700440,201835953
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
16.12.2011
Tiltakshaver
HELGELAND KRAFT VANNKRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Leirfjord
Vassdragsområde
153.2C
Søkt produksjon
31,30 GWh

NVE gjev Helgelandskraft AS løyve til å bygge Øvre Forsland kraftverk i Leirfjord kommune i Nordland.

Helgelandskraft AS har søkt om løyve til å bygge Øvre Forsland i Forslandsvassdraget i Leirfjord kommune i Nordland fylke. Kraftverket vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på ca. 31,3 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 1 600 husstandar. Vatnet skal førast i tunnel mellom inntaket i Nedre Dalsvatn og kraftstasjonen innerst i Forslandsdalen. Inntaket skal byggast veglaust, men det skal byggast veg mellom Dalvatnet og kraftstasjonen. Straumen skal førast ut via jord- og sjøkabel.
Tiltaket ligg i eit område med lite inngrep. Reindrifta vil miste noko areal, og Simaforsen vil bli redusert som landskapselement. Det er ikkje påvist nokon raudlista arter som vil bli påverka av tiltaket. NVE meiner at med tilstrekkeleg vannslepp heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for natur og miljø vere akseptable.

NVE vurderer at fordelane av tiltaka i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverka med avbøtande tiltak.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf. 22 95 92 90
Rådgivar Marit Carlsen, tlf. 22 95 90 60