Vannuttak i Salbuelva og regulering av Ramsgrøvatnet
- Registreringsnummer
- 9726
- Saksnummer
- 202514846
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Søknad
- Tiltakshaver
- SALBU PRODUKSJON AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Hyllestad
- Vassdragsområde
- 082.12Z
Høringsfrist: 15.01.2026
Det er også mulig å sende uttalelsen per epost, til nve@nve.no.
Merk emnefeltet med «Høringsuttalelse 202514846» , og oppgi navn og eventuelt organisasjonsnummer innledningsvis. Du kan også sende inn uttalelse per brevpost.
NVE har fått ein søknad frå Salbu Produksjon AS om løyve etter vassressurslova § 8 til å nytte vatn frå Kvia i Salbuelva og regulering av Ramsgrøvatnet for å produsere settefisk av laks og aure på industriområdet ved munningen til Salbuelva i Åfjorden, samt å ta ut vatn til å fylle brønnbåtar når vassføringa i Salbuelva tillèt det. Søknaden blir no send på høyring med høyringsfrist 15.01.2026.
I 2020 ga NVE løyve til uttak av vatn frå Krvia i Salbuelva og til regulering av Ramsgrøvatnet for å produsere laksesmolt på industriområdet ved Åfjorden. Salbu Produksjon AS rakk ikkje å kome i gang med anleggsarbeidet innan fristen sett av NVE, og søkjer difor no på nytt om slik løyve der prosjektet er litt justert for å gi litt mindre miljøavtrykk.
For byggetrinn 1 blir det årlege produksjonsvolumet på 1500 tonn settefisk. For byggetrinn 2 blir produksjonen utvida til 3000 tonn og byggetrinn 3, 6000 tonn settefisk. Av den totale mengda tonn settefisk kan noko bli produsert som stor settefisk (postsmolt).
Eit normalt driftsvassuttak vil vere på mellom 42 l/s og 167 l/s. For å sikre vatn til nytt settefiskanlegg i periodar med låge vassføringar søkjer Salbu Produksjon AS om løyve til å regulere Ramsgrøvatnet med 1,7m, HRV 145,0 og LRV 143,3. Frå Ramsgrøvatnet skal det sleppast minst alminneleg lågvassføring heile året, som er berekna til 56 l/s.