Fiskeoppdrettsanlegg Kelvesteinen

Tiltakshaver
LERØY VEST AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202211674
Status
Konsesjon gitt
Dato
12.04.2023
Fylke
Vestland
Kommune
Øygarden

Lerøy Vest AS (Lerøy) har fått konsesjon til å elektrifisere fiskeoppdrettsanlegget Kelvesteinen i Øygarden kommune. Det inneber å byggje ein 2,1 km lang 22 kV sjøkabel til anlegget deira. Sjøkabelen vil gå frå ein nettstasjon i Buvika til oppdrettsanlegget. Lerøy har òg fått konsesjon for ein transformator i anlegget med yting 0,5 MVA og omsetnad 22/0,4 kV.

Ifølgje Lerøy vil elektrifisering av Kelvesteinen fiskeoppdrettsanlegg erstatte bruk av dieselaggregat og difor vere viktig fordi det vil redusere lokal forureining og samla klimagassutslepp.