Elektrifisering av Bugane fiskeoppdrettsanlegg i Sykkylven kommune

Tiltakshaver
HOFSETH AQUA AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202110295
Status
Konsesjon gitt
Dato
10.01.2022
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Sykkylven

Hofseth Aqua AS ønskjer å elektrifisere fiskeoppdrettsanlegget Bugane i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Dei søkjer difor om anleggskonsesjon for å byggje, eie og drive ein 22 kV sjøkabel til anlegget deira. Sjøkabelen vil bli om lag 3,6 km lang og gå frå ein nettstasjon i Ramstadvika til oppdrettsanlegget på sørsida av Storfjorden. Hofseth Aqua AS søkjer òg om konsesjon for ein transformator i anlegget med yting 0,63 MVA og omsetnad 22/0,4 kV.

Ifølgje Hofseth Aqua AS vil elektrifisering av fiskeoppdrettsanlegget Bugane vere eit viktig bidrag for å redusere lokal luftforureining, støy og samla klimagassutslepp.