Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Kraft frå land til Troll B- og C-plattformane i Nordsjøen

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Tiltakshaver
EQUINOR ASA
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201842913;202107585
Status
Annet vedtak
Dato
25.05.2021
Fylke
Vestland
Kommune
Øygarden

NVE godkjente miljø- transport- og anleggsplanen (MTA) for anlegga på Kollsnes 27. mai 2021 og 6. juli 2021. Den 30. mars 2022 godkjente NVE MTA-planen for arbeida i sjøen i samband med kablane til Troll B og C, Oseberg Feltsenter og Oseberg Sør.

NVE meiner at Equinor i MTA-planane har teke omsyn til miljø- og landskap, og sikra at dei negative verknadane av tiltaket vert minst mogleg innanfor dei konsesjonane som er gjeve. For å sikre eit godt sluttresultat, er det viktig å fortsette det gode informasjonsarbeidet, ta omsyn til fiskeria og at kablane vert overtrålbare der det er naudsynt med steinfyllingar.

Bakgrunn

Olje- og energidepartementet ga 26. mars 2021 Equinor løyve til kraftkabel og andre naudsynte anlegg frå Kollsnes i Øygarden kommune i Vestland fylke til plattformene Troll B og C i Nordsjøen.

Olje- og energidepartementet ga samstundes at Equinor løyve til kraft frå Kollsnes til plattformene Oseberg Sør og Oseberg Feltsenter, sjå felles grunngjeving til høgre og Oseberg-saka.

Anlegga Equinor har fått konsesjon til er ein 132 kV sjøkabel frå Kollsnes til Troll B og vidare til Troll C og ein 132 kV jordkabel frå landtak til ein ny 300/132 kV transformatorstasjon med naudsynte elektriske anlegg. Den nye transformatorstasjonen vil vere felles for Troll- og Oseberg-anlegga. Det same gjeld serviceveg langs kabeltraseen og mellombelse og permanent masselager. Equinor har vidare fått løyve til ein 300 kV jordkabel frå den nye transformatorstasjonen til Statnetts transformatorstasjon på Kollsnes, der dei treng å byggje eitt nytt 300 kV felt. Alle landanlegga ligg i industriområdet på Kollsnes.

Effektbehovet på Troll B og C er til saman 116 MW, og investeringskostnadene har Equinor oppgjeve å vere 5,95 milliarder kroner. Felles investeringar i landanlegg for Troll B/C og Oseberg er inkludert i investeringskostnadene til Troll B/C-prosjektet.

Kvifor har Equinor fått løyve?

Olje- og energidepartementet har gjeve løyve på bakgrunn av innstilling frå NVE. I innstillinga la NVE til grunn at det er ei politisk målsetting å redusere Norges utslipp av både CO2 og NOX. Kraft frå land til Troll B og C-plattformene vil vere med på å få ned dei nasjonale utsleppa gjennom å erstatte kraftproduksjon frå gassturbinar på plattformene. Vi meiner verknadene for miljø og samfunn som små og i hovudsak mellombelse, både på land og i sjø. Vi vektla at investeringskostnadene vert dekka av Equinor og lisenshavarane på Troll B og C og ikkje i seg sjølve vil påverke tariffane til nettkunder på land. Lisenshavarane vil òg måtte betale anleggsbidrag for sin del av nettforsterkningar på land som dei utløyser. 

For å ta omsyn til forsyningstryggleiken til eksisterande kraftkundar, meinte NVE det var naudsynt å setje vilkår i anleggskonsesjonen til Troll B og C, fram til nettforsterkingar er gjennomført. Om Equinor vert pålagt særskilte vilkår om at deira forbruk på Troll B og C kan koplast ut i anstrengde situasjonar for kraftnettet, meiner NVE at forbruket kan knyttast til Kollsnes utan at det fører til vesentlege negative verknader for kraftnettet og eksisterande kraftkundar. 

Vilkår for for å gi minst mogeleg verknader for miljø og natur

Det varr NVE si tilråding at det i konsesjonen til kraft frå land til Troll B og C vert stilt krav om at Equinor skal lage ein miljø-, transport- og anleggsplan (MTA-plan) for gjennomføringa av tiltaket. Planen skal NVE godkjenne før anleggsarbeida kan starte. Planen bør mellom anna skildre kva Equinor vil gjere for å minimere negative verknader for fiskeri og skipsfart i anleggs- og driftsfasen, og den bør innehalde ein plan for å informere skipsfartsinteressene før og under gjennomføringa av tiltaket. NVE tilrådde òg at Equinor vert pålagt å ta omsyn til sårbart marint naturmangfald som vert oppdaga i samband med undersøkingar av havbotnen før kabellegging.