Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

420 kV leidning Blåfalli-Gismarvik

  1. Fullført Under behandling
  2. Ikke fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Tiltakshaver
STATNETT SF
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201705405
Status
Høring
Dato
13.12.2021
Fylke
Rogaland, Vestland
Kommune
Tysvær, Vindafjord, Etne, Kvinnherad
Send høringsuttalelse

Høringsfrist: 13.02.2022

Vi foretrekker at du bruker det elektroniske skjemaet, ved å trykke på knappen «send høringsuttalelse».
Det er også mulig å sende uttalelsen per epost, til uttalelse@nve.no.
Merk emnefeltet med «Høringsuttalelse 201705405» , og oppgi navn og eventuelt organisasjonsnummer innledningsvis. Du kan også sende inn uttalelse per brevpost.

Det er tilleggsøknaden som no er på høyring og som NVE ønskjer innspel til. Tidlegare innspel til konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga vil følgje saka vidare og det er ikkje naudsynt å sende ny uttale til desse. 

Presentasjon av NVEs sakshandsaming finn de her.

Statnetts presentasjon av prosjektet finn de her. Innhald i presentasjonen gitt i tidsbolkar:

  • 00:00-12:00 Presentasjon av bakgrunn og generelt om prosjektet
  • 12:00-17:55 Presentasjon av leidningstrasé og konsekvensutgreiing i Kvinnherad kommune
  • 17:55-24:25 Presentasjon av leidningstrasé og konsekvensutgreiing i Etne kommune
  • 24:25-32:40 Presentasjon av leidningstrasé og konsekvensutgreiing i Vindafjord og Tysvær kommunar
  • 32:40-39:30 Presentasjon av grunn og rettar i samband med ekspropriasjon

Statnett har sendt inn tilleggssøknad til konsesjonssøknad med konsekvensutreiing for ny 420 kV kraftleidning frå Blåfalli i Kvinnherad kommune til Gismarvik i Tysvær kommune. Omsøkte leidningstraséar går gjennom Kvinnherad, Etne, Vindafjord og Tysvær kommunar. Statnett søkjer om fleire traséalternativ på enkelte delstrekningar. Leidningen er planlagd til å vere 85-95 km lang avhengig av traséval. Statnett søkjer óg om å byggje og drive ein ny transformatorstasjon i Gismarvik i Tysvær kommune, og å utvide Blåfalli koplingsstasjon i Kvinnherad kommune. 

Etter innkomne høyringsinnspel etter tidlegare høyring, har Statnett utgreidd traséendringar på enkelte delstrekningar. Statnett søkjer no om mindre endringar på fleire kortare delstrekningar. Hovudtraseen for leidningen og systemløysing er den same som tidlegare. Statnett søkjer òg om fleire permanente og mellombelse anleggsvegar og riggplassar, samstundes som dei trekk nokre av dei som var tidlegare omsøkt. Statnett søkjer i tillegg om endringar i Gismarvik transformatorstasjon. 

3D-modell av traseane kan sjåast her.

Statnett grunngjev søknaden med at dagens nett som forsyner Haugalandet er gamalt, samstundes som at Haugalandet er eit per  underskotsområde for straum med mykje industri og lite straumproduksjon. Det er venta ein kraftig forbruksauke på Haugalandet, og utan ein ny leidning vil det ikkje vere driftsmessig forsvarleg å knyte nytt stort forbruk til nettet. 

Statnett søkjer om konsesjon i medhald av energilova.

Statnett søkjer samstundes om ekspropriasjonsløyve etter oreigningslova for naudsynt grunn og rettar for å byggje dei elektriske anlegga. Statnett søkjer samstundes om førehandstiltreding som inneber at grunn og tilkomstrettar kan takast i bruk før skjøn er halde.

Statnett søkjer òg om allmannastevning for dei eigedommar der eigedomsforhalda er uklare.

OBS presisering frå Statnett per oktober 2020:

  • Statnett opplyser om at det som er omtala og kartfesta som trasé 1.0B og 1.2 i fagrapportane i konsekvensutgreiinga, har bytta namn i sjølve søknaden med kart; i søknaden er altså trasé 1.0B frå konsekvensutgreiinga blitt til 1.2 og omvendt. I søknad er trasé 1.0B over fjellet ved Litledalen prioritert omsøkt alternativ, og 1.2 gjennom Litledalen sekundært omsøkt alternativ.
  • Trasé 1.6 over Kvalen i fagrapportane i konsekvensutgreiinga, er blitt til traséalternativ 1.6 over Freiåsen i søknad, då Kvalen ikkje er omsøkt.