Publisert 22.11.2016 , sist oppdatert 29.12.2021

Urbanhydrologiske målinger

Urbanhydrologi er den delen av vatnet sitt kretsløp som er knytt til utbygde område. Utbygging (urbanisering) av nedbørfelt aukar andelen av tette flater som vatnet ikkje klarar å trengja gjennom. Ved nedbør aukar avrenningshastigheita og flaumen sin storleik, samanlikna med avrenning før utbygging. Dette kan gje utfordringar med overvasshandtering og resultera i oversvømming og erosjon.

Nedbørmålar, snøsmeltebrett og profil ved ein urbanstasjon. Foto: NVE.

Når eit område med urørt areal vert utbygd, endrar den naturlege vassbalansen seg. Dei viktigaste hydrologiske effektane av urbanisering er:  

  • Auka overflateavrenning, både i intensitet og volum
  • Redusert infiltrasjon
  • Redusert fordamping
  • Senking av grunnvasstand  

Desse effektane har fleire praktiske konsekvensar:  

  • Større fare for oversvømming av hus, vegar og anlegg
  • Setningsskader på hus og anlegg 
  • Uttørking av vegetasjon
  • Auka påkjenning på resipient, både når det gjeld volum og forureining. 

 
Figur 1: Avrenninga endrar seg i takt med urbaniseringa. Til større andel tette flater i eit nedbørfelt til større overflateavrenning kan ein forventa å få (både med tanke på volum og maksimal vassføring). Kjelde: NOU 2015:16. Overvann i byer og tettsteder - Som problem og ressurs, s. 31.

Urbanhydrolgiske målestasjonar
I dag driftar NVE i samarbeid med kommunar over heile landet ni urbanhydrologiske målestasjonar. Urbanstasjonar er hydrologiske målestasjonar som ligg i, eller rett nedstraums, eit urbanisert område. Vatnet som kjem ned til stasjonen har gått gjennom eit system av overvassrøyr og har inntak på overflata i form av sluk og kummar. Feltet er vanlegvis mindre enn 1 km², og avrennninga kjem raskare etter nedbør i urbane felt enn i naturlege felt på grunn av høgre avrenningskoeffisient. Den høgste registrerte flaumintensiteten, definert som spesifikk avrenning, i Noreg fram til 2006, er målt i urbanfeltet Vestre Vika i Oslo 13. juli 1984, med 10 300 l/s per km². Altså 10 m³ per sekund som rann vekk per km² av nedbørfeltet.

Kart: urbanstasjonar i Noreg

Stasjonane har avansert instrumentering og måler data på fin tids- og parameteroppløysing, noko som er naudsynt for å få eit tilfredsstillande bilete av det urbanhydrologiske kretsløpet. Alle stasjonane måler vassføring, korttidsnedbør og lufttemperatur. I tillegg vert det målt snøsmelting og luftfuktigheit på enkelte stasjonar. Met.no har laga IVF-kurver for alle målestasjonane med korttidsnedbørmålar. Alle stasjonane er fjernoverførte, og data er allment tilgjengeleg på http://sildre.nve.no

Overvatn
Overvatn er overflateavrenning som følgje av nedbør og smeltevatn. Auka nedbør og mykje nedbør på kort tid skapar nye utfordringar når det gjeld overvatn. Treleddstrategien går ut på å redusera og forsinke avrenninga ved å infiltrera mindre nedbørmengder, drøya større nedbørmengder og avleie dei sjeldne, store nedbørmengdene på ein god måte.

Oslo kommune har laga fleire faktaark om blågrøne overvassløysingar. Publisert med løyve frå Oslo kommune.

Lokal overvassdisponering (LOD)
Lokal overvassdisponering er fellesnemnar for ulike tiltak som vert nytta for å dempa flaumtoppane i byar og tettstadar ved hjelp av infiltrasjon og fordrøying av overvatn.

Eit etter kvart vanleg LOD tiltak er grøne tak. NVE er i dag med å driftar 4 grøne tak i samarbeid med Framtidens byer, NTNU og dei respektive kommunane; Oslo, Sandnes, Bergen og Trondheim. Dei grøne taka har også eigen korttidsnedbørmålar.

Eit anna LOD tiltak er å anleggja regnbed. Dette er felt i bakken med jordsmonn som kan samle opp vatnet og fordrøye/infiltrere det. NVE er med å driftar 2 regnbed, i Oslo og Trondheim, i samarbeid med Trondheim kommune og NTNU.   

Instruksjonsvideo av årskontroll på urbanstasjon

Litteratur om urbanhydrologi på NVE sine nettsider

NVE sitt urbanstasjonsnettverk. NVE rapport 2016:50 

Dimensjonerende kortidsnedbør. NVE rapport 2015:134

Veileder for flomberegning i små uregulerte felt. NVE veileder 2015:07 (denne rapporten omfattar ikkje urbaniserte eller regulerte felt, men ved låg urbaniseringsgrad kan metodane nyttast).

Grønne tak og styrtregn: Effekten av ekstensive tak med sedumvegetasjon for redusert avrenning etter nedbør og snøsmelting i Oslo. NVE rapport 2014:65

Anlegging av regnbed, En bildekavalkade over 4 anlagte regnbed. NVE rapport 2013:3

Årsrapporter 2001 for de urbanhydrologiske målestasjonene i Norge: NVE dokument 2002:11. (Peterson-Øverleir Asgeir)

Anvendt urbanhydrologi. NVE publikasjon 1997:10

Andre interessante rapportar

Saksæther, Vegard & Kihlgren, Kjetil Strand (2012). Regnbed som tiltak for overvannshåndtering i småhusbebyggelse.
Masteroppgave, Universitet for miljø- og biovitenskap, Ås.  

Lindholm, Oddvar m.fl. (2008). Veiledning i klimatilpasset overvannshåndtering (Norsk Vann rapport 162-2008).