Publisert 08.12.2020 , sist oppdatert 01.12.2023

Mange brear har lagt på seg i 2020, men brefrontane fortset å smelte tilbake

NVE sine bremålingar i 2020 viser at 23 av 30 målte brefrontar har trekt seg tilbake, medan seks av ti brear med massebalansemålingar hadde eit masseoverskot.

Hellstugubreen: NVE har gjort målingar av brefrontendring frå same punkt sidan 2006. På 14 år har brefronten trekt seg tilbake 185 meter. Foto: Jostein Aasen

– Mange norske brear hadde framstøyt på 1990-talet, men etter år 2000 har alle brefrontane trekt seg tilbake, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy.

Negativ massebalanse i lengre tid

NVE sine målingar av massebalanse på brear – forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren, – viser at i 2020 fekk seks brear masseoverskot, to brear var i balanse, medan to brear hadde underskot.

Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Men samanlikna med  perioden frå 2000 til 2019 hadde åtte av dei målte breane vesentleg betre massebalanse i 2020. Årsaka til det er ein uvanleg snørik vinter kombinert med at snø- og issmeltinga gjennom sommaren var om lag som gjennomsnittet for perioden etter 2000. Mest snø var det på Ålfotbreen i Nordfjord der snølaget tilsvara 5000 millimeter nedbør.

– Breane i Noreg har den same utviklinga som breane i resten av verda. Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der vi måler massebalanse har i gjennomsnitt minka om lag 15 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarer Hallgeir Elvehøy.

Fakta: Tilbakegang for brefrontane

  • Størst tilbakegang i 2020 hadde Gråfjellsbrea ved Folgefonna (-47 meter) og Engabreen ved Svartisen (-46 meter).
  • Seks brefrontar hadde inga endring, medan ein bre hadde litt framgang.
  • Midlare tilbakegang for dei 30 breane er 14 meter.
  • Dei 30 breane med brefrontmålingar i 2020 utgjer om lag 12 prosent av brearealet i Noreg.
  • Dei siste 20 åra har 19 brear med samanhengande målingar i gjennomsnitt gått tilbake 336 meter

 

Fakta: Regional oversikt

Fronten til Stigaholtbreen i Luster, ein utløpar frå Jostedalsbreen, har trekt seg tilbake 266 meter dei siste 20 åra. Foto: Jostein Aasen/NVE.

I breområda i Sogn og Fjordane har åtte målte brefrontar i snitt trekt seg tilbake 11 meter. Fem av disse brefrontane har trekt seg tilbake mellom 181 og 583 meter dei siste 20 åra. Nigardsbreen trakk seg tilbake berre 4 meter i år, men den har trekt seg tilbake 583 meter i løpet av dei siste 20 åra.

Massebalansemålingane på Ålfotbreen i Bremanger og Nigardsbreen i Luster har vist at Ålfotbreen har vorte om lag 20 meter tynnare dei siste 20 åra, medan Nigardsbreen berre har minka med om lag 2 meter. Begge breane fekk svært mykje snø i vinter, medan sommarsmeltinga var litt mindre enn gjennomsnittet for dei siste 20 åra. Dermed fekk både Nigardsbreen og Ålfotbreen eit stort overskot i år.

Fronten til Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 406 meter dei siste 20 åra. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.

I breområda i Hordaland har seks målte brefrontar i snitt gått 15 meter tilbake i år. Fem av disse brefrontane har trekt seg tilbake mellom 93 og 967 meter dei siste 20 åra. Gråfjellsbrea på vestsida av Folgefonna har gått 47 meter tilbake og 967 meter tilbake i løpet av dei siste 20 åra. Eit nytt vatn er danna der brefonten har trekt seg tilbake.

Massebalansemålingane på Rembesdalskåka på vestsida av Hardangerjøkulen viste at breen har hatt eit ganske stort overskot i år, medan resultatet for dei siste 20 åra har vore eit underskot på 11 meter vassekvivalentar. Fronten til Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 406 meter i løpet av dei siste 20 åra.

Fronten til Storbreen i Jotunheimen har trekt seg tilbake 166 meter dei siste 20 åra. Foto: Jostein Aasen/NVE

I Innlandet har seks målte brefrontar i snitt trekt seg tilbake 15 meter i år. Dei siste 20 åra har fem av desse brefrontane trekt seg tilbake mellom 166 og 329 meter.

Massebalansemålingane på tre brear i Jotunheimen viser at i løpet av dei siste 20 åra har desse breane blitt om lag 18 meter tynnare. Den snørike vinteren elles i breområda i Noreg kom i mindre grad breane aust i Jotunheimen til gode. Storbrean i Vest-Jotunheimen fekk meir snø enn gjennomsnittet for dei siste 20 åra, medan Hellstugubrean og Gråsubrean fekk litt meir enn gjennomsnittet. Snø- og issmeltinga gjennom sommaren var om lag som gjennomsnittet for perioden 2000-2019. Dermed var Storbrean om lag i balanse i 2020, medan Hellstugubrean og Gråsubrean fekk underskot om lag som gjennomsnittet for perioden etter 2000.

 

Fronten til Austre Okstindbreen har trekt seg tilbake 301 meter sidan målingane starta i 2006. Foto: Kjell-Harald Nesengmo/NVE.

I Nordland har fire brefrontar i snitt trekt seg tilbake 23 meter i år. Dei siste 20 åra har tre av desse brefrontane trekt seg tilbake mellom 295 og 632 meter. Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, har trekt seg tilbake 45 meter det siste året, og 632 meter tilbake i løpet av dei siste 20 åra.

Massebalansemålingane på Engabreen viste at breen har hatt eit stort overskot i år etter ein snørik vinter. Resultatet for dei siste 20 åra har der imot vore eit underskot på 6,5 meter vassekvivalentar.

Fronten til Steindalsbreen i Lyngen har trekt seg tilbake 391 meter i løpet av dei siste 20 åra.

Fronten til Steindalsbreen i Lyngen har trekt seg tilbake 391 meter i løpet av dei siste 20 åra. Foto: David Skirnisson/NVE.

I Troms og Finnmark har to målte brefrontar trekt seg tilbake, medan ein brefront har gått litt fram. Dei siste 20 åra har desse brefrontane trekt seg tilbake mellom 340 og 593 meter.

Etter ein snørik vinter vart massebalansen på Langfjordjøkelen i Loppa om lag  i balanse i år, medan resultatet for dei siste 20 åra har vore eit underskot tilsvarande 23 meter vassekvivalentar. Brefronten har trekt seg tilbake 593 meter i den same perioden.

Massebalansemålingar på bre handlar om å finne ut kor mykje snø det kjem på breen i løpet av vinteren, og kor mykje snø og is som smeltar i løpet av sommaren. På slutten av vinteren måler vi snødjupet i mange punkt over heile breen, og måler tyngda av snøen i eitt representativt punkt slik at vi kan rekne ut kor mykje vatn all snøen på breen utgjer.

For å måle kor mykje snø og is som smeltar i løpet av sommaren borer vi ned aluminiumsstakar fleire stader på breen. Om hausten måler vi kor mykje lengre stakane har blitt over overflata, og kan rekne ut kor mykje snø som ligg att, eller kor mykje breis som har smelta.

Ut ifrå slike stakemålingar kan vi rekne ut om snømengda som ligg att på øvre delen av breen balanserer breisen som har smelta på nedre delen av breen, og om breen har lagt på seg eller minka.

Brefrontmålingar set tal på korleis lengda og arealet til ein bre endrar seg. Vi lagar eit fast punkt framfor brekanten, og måler avstanden frå punktet til brekanten i ei fast retning.

Når vi kjem tilbake neste år måler vi avstanden frå punktet i den same retninga. Om breen veks og har framstøyt, så minkar avstanden, men om breen minkar og brefronten trekk seg tilbake, så aukar avstanden.

Bremålingane vert gjort i samarbeid med Statkraft, Siso Energi, Sunnhordland Kraftlag, Sogn og Fjordane Energiverk, Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, Fjellsenteret i Lom, og lokale observatørar.

 

Data og informasjon om norske brear: https://www.nve.no/bre

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktpersoner

Senioringeniør Hallgeir Elvehøy, mobil 924 46 189
Seksjonsjef Rune Engeset, mobil 990 38 868