Engabreen - NVE

Engabreen 29. juli 2015. Foto Hallgeir Elvehøy.

Engabreen er ein nordvestleg utløpar frå Vestisen (Vestre Svartisen). Mesteparten av brearealet til Engabreen ligg mellom 1000 og 1450 moh., medan bretunga når nesten ned til Engabrevatnet (8 moh.). Elvene på nord- og austsida av Svartisen vart regulert til vasskraftproduksjon på 1990-talet via eit tunnelsystem som dels ligg under breen. Smeltevatnet frå Engabreen vert samla opp i dette tunnelsystemet under 200 m tjukk is i brefallet. I samband med dette elveinntaket er det bygd ein forskingsstasjon kalla Svartisen Subglasiala Observatorium. Lokalt namn på bretunga er Engenbreen.

Frontposisjonendring
Mellom Engabrevatnet og Holandsfjorden ligg fleire endemorener som markerer tidlegare posisjonar av brefronten. I eit breframstøyt tidleg på 1700-talet vart garden Storstenøren øydelagt i 1723. Truleg hadde Engabreen si maksimale utbreiing ein gong på 1700-tallet. Utover på 1800-talet trakk brefronten seg tilbake men hadde fleire mindre framstøyt som danna moreneryggar, og først på slutten av 1800-talet byrja Engabrevatnet å komme fram. Frå 1903 er frontposisjonen av Engabreen blitt målt nesten kvart år. Breen hadde eit framstøyt som kuliminerte rundt 1910, og trakk seg så langsomt tilbake fram til 1931. Då byrja ein svært rask tilbakegang som førte til at Engabrevatnet var isfritt i løpet av ca 10 år. Sidan 1965 har breen hatt tre markerte framstøyt som kuliminerte i 1971, 1984 og 1999. Brefronten har trekt seg tilbake meir enn 500 meter etter 1999. 

Massebalanse
Massebalansemålingar på Engabreen har pågått sidan 1970. Midlare vinterbalanse for måleperioden er 2,7 m v.e. som tilsvarar 6 til 8 meter snø på breplatået. I 1997 vart det målt opp til 11 m snø på Engabreen. Midlare sommarbalanse er -2,7 m v.e. På bretunga smeltar 10 - 15 meter is kvart år. 

GNSS-antenne plassert ved målestaken for utrekning av brerørsle og endring i bretjukkleik.

Brerørsle
Ved hjelp av GNSS (satelittposisjonering) er rørsla til målestakar bora ned i breen målt med stor presisjon. Disse målingane viser at brerørsla varierer frå eit par meter i året til meir enn 200 m i året i brefallet. Detaljerte målinger av rørsla i brefallet ved hjelp av samanlikning av vertikale flybilete tatt med 10 – 15 dagars mellomrom viste hastigheiter opp til 1,3 m per døgn i midten av breen. Hastigheiten avtok ut mot sidene og mot fronten av breen fordi tynnare is fører til mindre deformasjon og glidning.

Istjukkleik
Ved hjelp av radar og smelteboring er istjukkleiken målt over det meste av breplatået på Vestisen og i brefallet på Engabreen. På Engabreen er isdjupet opp til 450 m i eit flatt området om lag 1050 moh. oppstraums brefallet. På Storglombreen litt aust for Engabreen er isdjup på nærare 600 m målt.

Publikasjonar (kronologisk) 
(sjå også under 'Publications' for Svartisen Subglacial Laboratory)

Rapportserien 'Glaciological investigations in Norway' (Glasiologiske undersøkelser i Norge)

Solgaard, A.M., A. Messerli, T. Schellenberger, C. Hvidberg, A. Grinsted, M. Jackson, T. Zwinger, N. Karlson, D. Dahl-Jensen. 2018. Basal conditions at Engabreen, Norway, inferred from surface measurements and inverse modelling. Journal of Glaciology, 1-13. doi:10.1017/jog.2018.45.

Andreassen, L.M., H. Elvehøy, B. Kjøllmoen, R.V. Engeset. 2016. Reanalysis of long-term series of glaciological and geodetic mass balance for 10 Norwegian glaciers, The Cryosphere, 10, 535-552, doi:10.5194/tc-10-535-2016, 2016. (pdf)

Elvehøy, H. 2016. Reanalysing of a mass balance record, Engabreen 1970–2014. NVE Rapport 29-2016, Norwegian Water Resources and Energy Directorate. (pdf)

Elvehøy, H., M. Jackson and L. M. Andreassen. 2009. The influence of drainage boundaries on specific mass-balance results: a case study of Engabreen, Norway. Annals of Glaciology, 50, s. 135-140.

Haug, T., C. Rollstad, H. Elvehøy, M. Jackson, I. Maalen-Johansen. 2009. Geodetic mass balance of the western Svartisen ice cap, Norway, in the periods 1968–1985 and 1985–2002. Annals of Glaciology, 50, s. 119-125.

Andreassen, L.M., H. Elvehøy, B. Kjøllmoen, R.V. Engeset, N. Haakensen 2005. Glacier mass-balance and length variations in Norway. Annals of Glaciology, No. 42, s. 317-325.

Geist, T., H. Elvehøy, M. Jackson, J. Stötter. 2005: Investigations on intra-annual elevation changes using multitemporal airborne laser scanning data – case study Engabreen, Norway. Annals of Glaciology, No. 42, s. 195-201.

Jackson M., I.A. Brown, H. Elvehøy. 2005. Velocity measurements on Engabreen, Norway. Annals of Glaciology, No. 42, s. 29-34.

Schuler, T.V., R. Hock, M. Jackson, H. Elvehøy, M. Braun, I. Brown, J.-O. Hagen. 2005. Distributed mass-balance and climate sensitivity modelling of Engabreen, Norway. Annals of Glaciology, No. 42, s. 395-401.

Engeset, R.V., H. Elvehøy, L.M. Andreassen, N. Haakensen, B. Kjøllmoen, L.A. Roald, E. Roland. 2000. Modelling of historic variations and future scenarios of the mass balance of Svartisen ice cap, northern Norway. Annals of Glaciology, No. 31, s. 97-103.

Kohler, J. 1998. The effect of subglacial intakes on ice dynamics at Engabreen. NVE Rapport 12-1998, 47 s.

Jansson P., J. Kohler, V.A. Pohjola. 1996. Characteristics of Basal Ice at Engabreen, Northern Norway. Annals of Glaciology, No. 22, s. 114-120.

Sætrang, A. 1988. Kartlegging av istykkelse på vestre Svartisen 1986. NVE Rapport 3-1988, 20 s.