Publisert 13.02.2009 , sist oppdatert 05.09.2023

Frontposisjonmålingar

Frontposisjonmålingar viser korleis breen si lengde endrar seg, og indirekte korleis brearealet endrar seg. Lange måleseriar gir dermed også eit bilete på korleis brevolumet endrar seg over tid, og målingar ved mange brear gir eit inntrykk av korleis alle breane utviklar seg.

Trendar 1982-2022
Mange brearmar frå dei kystnære platåbreane starta framstøyt på slutten av 1980-talet, men rundt år 2000 hadde dei fleste framstøyta stoppa opp. Etter 2000 har desse breane trekt seg tilbake opp til 1000 meter. Breane i Jotunheimen, i grensetraktene i Nordland, i Lyngen og i Finnmark  har stort sett trekt seg langsamt tilbake. Det er unntak som Storjuvbrean og Bøverbrean i Jotunheimen, som hadde små framstøyt på slutten av 1990-talet. Midlare tilbakegang dei siste 20 åra (2002-2022) for 27 brear er 409 meter.

Bakgrunn og metode
Dei første frontposisjonmålingane i Noreg vart igangsett rundt 1900 ved Jostedalsbreen, Folgefonna, Svartisen og i Jotunheimen av J. Rekstad frå Bergen Museum og P.A. Øyen frå Universitetet i Oslo. Målingane vart vidareført av K. Fægri (BM) og W. Werenskiold (UiO). Frå 1948 tok Olav Liestøl ved Norsk Polarinstitutt over ansvaret for målingane. Dette vart videreført av Jon Ove Hagen frå 1985. Hydrologisk avdeling i NVE har hatt ansvaret for målingane sidan 1994.

Avstanden frå eit fast punkt (varde, malt merke på fjell, bolt i fjell og liknande) til brekanten vert målt i same retninga kvart år. Forskjellen i avstand langs denne lina gir eit  mål for kor mykje heile breen har vokst eller minka. Til tross for uvisse i avstandsmåling og kor representativ målelina er for heile bretunga, så gir målingane informasjon om breen si langtidsutvikling.

Frontposisjonmålingane vert publisert i NVE sin rapportserie Glaciological investigations in Norway. Resultata vert også rapportert til World Glacier Monitoring Service (WGMS) i Sveits og publisert i  'Fluctuations of Glaciers’ (FoG). Data kan lastast ned her.

2022: Åtte brear i Nord-Noreg og 26 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 25 meter.

2021: Ti brear i Nord-Noreg og 26 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 26 meter.

2020: Sju brear i Nord-Noreg og 23 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 14 meter.

2019: Ti brear i Nord-Noreg og 26 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 25 meter. Alle dei målte breane hadde tilbakegang. Målingar vart sett igang ved Vinnufonna i Sunndalen i Møre og Romsdal.

2018: Seks brear i Nord-Noreg og 26 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 32 meter.

2017: Sju brear i Nord-Noreg og 24 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 13 meter.

2016: Elleve brear i Nord-Noreg og 25 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 19 meter.

2015: Sju brear i Nord-Noreg og 24 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 11 meter. Målingane ved Briksdalsbreen, Bødalsbreen og Store Supphellebreen vart innstilt.

2014: Ti brear i Nord-Noreg og 27 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 27 meter. Målingar vart sett i gang ved Skjelåtindbreen i Beiarn, Nordland. Målingane ved Bøyabreen vart innstilt.

2013: Åtte brear i Nord-Noreg og 24 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 11 meter. Målingar vart igangsett ved Haugabreen - ein utløpar frå Myklebustbreen i Sogn og Fjordane, og ved Mårådalsbreen i Breheimen.

2012: Åtte brear i Nord-Noreg og 18 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 28 meter.

2011: Åtte brear vart målt i Nord-Noreg og 25 brear i Sør-Noreg. Midlare tilbakegang for breane var 17 meter. Målingar vart igang sett ved Rundvassbreen -  ein utløpar frå Blåmannsisen i Nordland, ved Vetle Supphellebreen i Fjærland, og ved Styggebrean ved Galdhøpiggen i Jotunheimen.

2010: Åtte brear vart målt i Nord-Noreg og 23 brear i Sør-Noreg. Midlare frontendring var tilbake 18 meter. Målingar vart i gang sett ved Trollbergdalsbreen i Beiarn, Nordland.

2009: Fem brear vart målt i Nord-Noreg og 22 brear i Sør-Noreg. Fleire brear vart ikkje målt pga. tidlig snølegging i fjellet. Midlare frontendring var tilbake 18 meter. 

2008: Åtte brear vart målt i Nord-Noreg og 24 brear i Sør-Noreg. Midlare frontposisjonendring var tilbake 14 meter. Målingar vart tatt opp att ved Trollkyrkjebreen ved Trollstigen i Møre og Romsdal som vart målt i perioden 1944-74.

2007: Sju brear i Nord-Noreg og 21 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare endring var 32 meter tilbake. Målingar vart starta opp ved Sydbreen i Lyngen og ved Tuftebreen i Jostedalen.

2006: Fire brear i Nord-Noreg og 24 brear i Sør-Noreg vart målt. Fire brear frå Jostedalsbreen; Kjenndalsbreen, Brenndalsbreen og Briksdalsbreen i Olden og Bergsetbreen i Jostedalen,hadde tilbakegang på over 100 meter. Gråfjellsbrea frå Folgefonna hadde ein tilbakegang på nesten 100 meter. Midlare tilbakegang var 43 meter. Målingar vart sett igang ved Austre Okstindbreen (målt 1908-1944) og Corneliussenbreen i Okstindane, og ved Storsteinsfjellbreen i Skjomen.

2005: Fire brear i Nord-Noreg og 24 brear i Sør-Noreg vart målt. Midlare tilbakegang var 13 meter.

2004: To brear i Nord-Noreg og 24 brear i Sør-Noreg vart målt.  Briksdalsbreen og Buerbreen hadde ein tilbakegang på hhv. 120 og 90 meter. Midlare tilbakegang for breane var 23 meter.

 

Litteratur (eit utval)

Andreassen, L.M, H. Elvehøy, B. Kjøllmoen J. M. C. Belart. 2020. Glacier change in Norway since the 1960s - an overview of mass balance, area, length and surface elevation changes. Journal of Glaciology, 1-16https://doi.org/10.1017/jog.2020.10

Andreassen, L.M., H. Elvehøy, B. Kjøllmoen, R.V. Engeset, N. Haakensen. 2005. Glacier mass balance and front variation in Norway. Annals of Glaciology, no 42, s. 317-325.

Fægri, K. 1940. Forandringer ved norske breer 1937-39. Bergens Museums Årbok 1939-40. Naturvidenskapelig rekke. Nr 3.

Hoel, A., W. Werenskiold. 1962. Glaciers and snowfields in Norway. Norsk Polarinstitutt Skrifter Nr.114, 291 s.

Kjøllmoen, B. (ed.). 2019. Glaciological investigations in Norway in 2018. NVE Rapport 46-2019.

Liestøl, O. 1964. Noen resultater av bremålinger i Norge i 1963. Norsk Polarinstitutt Årbok 1963., s. 185-192.

Rekstad, J. 1904. Fra Jostedalsbræen. Bergens Museums Aarbog 1904, No 1, 1-69.

Rekstad, J. 1910. Forandringer ved norske breer i aaret 1908-09. Bergens Museums Årbok 1910, 2-12.

Øyen, P.A. 1906. Klima- und Gletcherschwankungen in Norwegen. Zeitschrift fur Gletcherkunde, Eiszeitforschung und Geschichte. 1: 46-61.