Publisert 07.08.2020 , sist oppdatert 16.06.2021

Steinsprang og steinskred

Steinsprang er hendingar der steinmassane (ei til eit fåtall blokker) til saman har eit relativt lite volum på intil nokon hundre kubikkmeter.

Steinsprang Mundheim i Kvam herad.

Når steinmassane til saman har eit volum på frå nokre hundre til fleire hundretusen kubikkmeter snakkar vi om eit steinskred. Steinblokkene vil bevege seg stort sett uavhengig av kvarandre. I eit steinskred knusast blokkene ofte opp i mindre delar på veg nedover skråninga, mens blokkene ofte forblir intakte i eit steinsprang.

Der det over lang tid har gått mange steinsprang og steinskred vil det dannast ei kjegleforma ur med dei grovaste massane i foten av ura. Større steinskred riv gjerne med seg lausmassar undervegs og skredmassane kan blokke trange dalar og føre til lokal oppdemming av bekkar og elveløp. Om steinskred går ut i ein fjord eller innsjø, kan det oppstå flodbølger.