Sørpeskred - NVE

Snøskred blir gjerne delt inn i to hovedtypar: Laussnøskred og flakskred. Både laussnøskred og flakskred kan også delast basert på vassinnholdet; tørrsnøskred og våtsnøskred. Ved heilt vassmetta snø kan det oppstå ein tredje type skred - sørpeskred.

Når snømassane er vassmetta, slik som under intens snøsmelting eller kraftig regnvær, kan det oppstå sørpeskred. Dei beveger seg vanligvis langs forseinkingar i terrenget, og dei oppstår når det er dårlig drenering i grunnen til dømes på grunn av tele og is. Skredmassane i et sørpeskred har høg tettleik.

Medan snøskred hovudsakleg går i skråningar brattare enn 30 grader, kan sørpeskreda utløysast i terreng ned mot 5 graders helling.

For meir info omkring sørpeskred, les faktaark om sørpeskred her.