Laussnøskred - NVE

Snøskred utløysast normalt i dalsider med helling mellom 30 og 60 grader, og som regel under eller rett etter store snøfall, sterk vind eller temperaturstigning.

Laussnøskred oppstår normalt i svært bratte fjellsider (som regel meir enn 35-40 grader), og startar gjerne med ei lita lokal utglidning. Etter kvart som snøen bevegar seg nedover, blir ny snø rive med og skredbana utvidar seg, slik at skredløpet får ei pæreform. Laussnøskred kan oppnå hastigheiter på inntil 120 km/t. Skred med høg hastigheit vil mobilisere luftmassane slik at det oppstår eit skredgufs (også kalt fonnvind) med kraft nok til å knekke tre og stolpar, samt skade vindauger og lette byggverk.

Snøskred løysast normalt ut i dalsider med helling mellom 30 og 60 grader, og som regel under eller rett etter store snøfall, sterk vind eller temperaturstigning.

For meir info om snøskred, les faktaark her.