Kvikkleire er opphaveleg leire avsatt i sjøvatn. Saltet i sjøvatnet binder leirpartiklane saman med elektriske ladningar og dannar ein korthusstruktur som innesluttar vatn.

Landhevinga etter siste istid har ført til at desse leireavsettingane no ligg over havnivå. Under gitte forhold kan saltet i leiravsettingane verte vaska ut og bindingane mellom partiklane vert svekka og vi får danna kvikkleire.

Den øvre grensa for kvar ein kan finne marine avsettingar vert kalla marin grense. Denne varierar i høgde rundt i landet, og er høgast i Osloområdet og i Trøndelag. NGU har laga ei oversikt over høgda på marin grense som er tilgjengeleg blandt anna på NVE-atlas og NGU sine nettsider.

Kvikkleira er i utgangspunktet fast, men om leira blir overbelasta kan strukturen klappe saman og leirpartiklane vil flyte i frigjort vatn. Resultatet blir eit kvikkleireskred. Kvikkleireskred kan forplante seg raskt bakover og berøre store områder. Kjente kvikkleireskred er Verdalsskedet i 1893, Rissaskredet i 1978, skredet i Kattmarka 2009, Lyngen i 2010 og Byneset i Trondheim i 2011.

Det er to hovedårsaker til at kvikkleire blir overbelasta og kvikkleireskred blir utløyst:

1) naturlige årsaker som graving frå bekkar og elvar (erosjon) eller

2) menneskelige tiltak som utgravingar i bunn av skråningar, utfyllingar på topp av skråningar og andre terrengbelastningar som kan forverre stabiliteten.

I områder med bebyggelse vil kvikkleireskred gi stor fare for tap av menneskeliv og store materielle verdiar. Skader kan oppstå både i områder som glir ut og i område som blir oversvømt av skredmasser.