Fjellskred er nedfall av store fjellvolum. Dei største førhistoriske fjellskreda i Noreg var på fleire hundre millinar kubikkmeter

Tjellefonna i Romsdalsfjorden (1756) er det største historiske fjellskredet i Noreg med eit volum på 15 millionar m3. Tafjordskredet i 1934 var på tre millionar m3. Fjellskred er sjeldne, men dei har gitt mange av dei største skredulykkene i Noreg.

I vårt land er det typisk med to til tre store fjellskredulykker for kvart hundreår. Nordvestlandet har vore hardast råka. På 1900-talet tok tre slike skred 175 menneskeliv i denne landsdelen (Loen, 1905 og 1936, og Tafjorden, 1934). Dette karakteriserer også risikoen knytt til framtidige fjellskred - låge sannsyn - men fare for svært omfattande skader som følgje av usedvanlege skredlengder og langtrekkjande flodbølgjer.

Med utbygging av tettstader og anna infrastruktur langs fjordane, og dessutan ei veksande reiseliv - er vi blitt gradvis meir sårbare for slike skred og tilhøyrande flodbølgjer. Erfaringane frå Noreg og andre fjellområde viser at dei store fjellskreda nesten alltid varslar seg sjølv. Dette skjer ved langvarige, sakte rørsler i fjellsidene forut for skreda, med utvikling av sprekker og andre brotstrukturar i fjellet. I Tafjorden oppdaga bygdefolket ei sprekk i fjellsida om lag 60 år før skredet i 1934. Dei observerte også at sprekka utvida seg.

Elles viser målingar i ustabile fjellsider, mellom anna i fleire stader i Alpane, at dei sakte rørslene akselererer over fleire døgn/veker fram mot eit skred. Desse erfaringane dannar grunnlaget for beredskap mot slike skred. For det første brukar ein dette i risikokartlegginga ved at ein identifiserer potensielle forstadium til fjellskred ved hjelp av dei typiske brotstrukturane. I neste omgang kan ein gjere periodiske rørslemålingar.

I siste instans kan ein for høgrisikoobjekta etablere beredskap basert på automatisk overvaking med tidleg varsling av skred. Dette er i Noreg innført på fire ustabile fjellparti, Åkneset, Hegguraksla, Mannen og Nordneset.