Skredhendingar (ny) - under arbeid - NVE

Kunnskap om tidlegare skredhendingar gir ei betre forståing av faren for nye skred eit område. Registrering av skredhendingar er difor eit viktig grunnlag for vurdering, varsling og kartlegging av skredfare.

Kvar kan eg registrere skredhendingar?

Regobs.no: Registrering på ein kjapp og enkel måte.

Skredregistrering.no: Muleg å legge inn meir informasjon om skredhendinga enn i Regobs.

Kvar finn eg oversikt over historiske skredhendingar?

Dei fleste skredregistreringar er samla i den Nasjonale skreddatabasen (NSDB). Du kan hente ut informasjon frå databasen på ulike sider: 

Skredregistrering.no: Heitte tidlegare Skrednett. Her kan du også hente informasjon om skredhendingar, i tillegg til å registrere skred. 

NVE Skredhendingar: Kart med oversikt over skredhendingar, samt enkel informasjon om hendinga. 

NVE Atlas: Inneheld ytterlegare informasjon om skredhendingar, samt andre nyttige kartlag. 

Kva slags informasjon er viktig å registrere?

Det viktigaste å registrere er:

  • Skredplassering: Kvar skredet har gått. Helst med nøyaktig skildring av kvar skredet losna, og kvar det stoppa.

  • Skredtidspunkt: Dato og klokkelsett skredet gjekk.

  • Skredtype: Basert på løsnemekanisme og mest framtredande mekanisme.

  • Skredareal: Kor breidt og langt skredet var.

  • Dokumentasjon:
    • Bilete: Helst av både utløysingsområde, skredbane og utløpsområde, samt skader
    • Henvisning til kjelder: artiklar, rapportar, vitner osb.

Anna som også bør registrerast, dersom du har informasjon om det:

  • Skredbeskrivelse: Oppsummere kort korleis skredet ser ut, og eventuelt skredet sitt hendelsesforløp, dersom dette er kjent.

  • Tekniske parameter: Skadar, anslått skredstorleik, utløpslengde, tjukkelse på avsetningar osb.

  • Skredareal: Kor breidt og langt skredet var.

Jo meir nøyaktig informasjonen er, desto høgare kvalitet har registreringa, og desto større nytteverdi får den.

Du kan bidra med registrering!

Alle kan lage en brukar i regObs og bidra med observasjonar. Jo fleire registreringar vi får inn, jo betre! 

Statens vegvesen og Bane NOR er også viktige bidragsytarar som registrerar mange skred. Skreda dei registrerar hamnar i NSDB. 

Kvalitetskontroll av skredhendingar

Skredhendingar som er registrert med god og nøyaktig informasjon, gir høg nytteverdi. Det er svært nyttig å kunne plukke ut dei gode registreringane på ein enkel måte. Difor gjennomfører vi kvaltietskontroll av registreringane. 

Les meir om kvifor og korleis vi gjennomfører kvalitetskontroll.

 

Såret i fjellet i bakgrunnen vitnar om den tragiske Tafjordulukka i 1934. Men slike spor gjer oss også merksame på farane i fjellet - bør vi undersøke om dette kan skje igjen? (NVE).