Flaum og skred er naturlege hendingar som menneske har vore opptatt av til alle tider. Frå tidlege tider er det notert opplysningar om flaum- og skredhendingar. Dette var viktig kunnskap fordi folk levde i og med naturen på ein annan måte enn i dag. Etter kvart har registreringane skjedd meir systematisk, og det finst i dag eit omfattande datamateriale for flaum, skred og hydrologiske data som er tilgjengeleg i ulike databasar.