Publisert 27.05.2021 , sist oppdatert 15.03.2024

Om kartlegging av fare for kvikkleireskred

Aktsemdskart for kvikkleireskred og dei kartlagte faresonene gjev informasjon om kvar det kan vere fare for denne type skred. Desse ulike karta har ulikt detaljnivå og ulike bruksområder.

Aktsemdskart viser potensielt skredutsette område. Generelt kan det finnast kvikkleire så lenge ein er under marin grense (som er tidligare havnivå), og marin grense kan difor nyttast som det grovaste aktsemdsområde for kvikkleireskred. Marin grense varierer mellom 0 og 220 m.o.h., og er høgast i Osloområdet og i Trøndelag.

Men det er ikkje fare for kvikkleireskred overalt under marin grense. Aktsemdskartet for kvikkleireskredfare viser områder med mogleg kvikkleire og terrengforskjellar som tilseier at det kan gå eit skred. Les meir om aktsemdskartet her. Ved bygging innafor eit aktsemdområde må ein utføre ei meir detaljert skredfareutgreiing.

Etter det store kvikkleireskredet på Rissa, Sør-Trøndelag i 1978 byrja kartlegginga av områder med potensiell fare for store kvikkleireskred (faresoner for kvikkleireskred, også kalla kvikkleiresoner). Denne oversiktskartlegginga er ei grov kartlegging basert på få grunnboringar og terrengkriterium. Kartlegginga identifiserar ikkje alle område kvar kvikkleire finst, men område kvar det kan gå større skred. Dei kartlagde sonene klassifisert med faregrad, konsekvensklasse og risikoklasse. Klassifiseringa gjer det mogleg å prioritere kva soner som bør sikrast, samt å differensiere krav til utgreiing og stabilitet ved utbygging i ei sone. Metoden er skildra i NVE Ekstern rapport 9/2020 Oversiktskartlegging og klassifisering av faregrad. Metodebeskrivelse. Kvikkleiresoner i risikoklasse 4 og 5 og med høg faregrad har vore prioritert for vidare soneutgreiing, stabilitetsberekning og eventuelle sikringstiltak for å bøte på låg stabilitet. NVE hjelper kommunane i dette arbeidet og i planlegging og gjennomføring av sikringstiltak.

Den fyrste kartlegginga vart utført på 80-90-talet i Søraust-Noreg og Trøndelag, kvar det er store førekomstar av kvikkleire og mange kjente historiske skred. Sidan 2004 har det òg vorte kartlagt kvikkleiresoner i Nord-Noreg, på Nordvestlandet, Sørlandet og Østfold. I den fyrste perioden av kartlegginga var hovudfokus å identifisere store faresoner langs vassdrag, sidan erosjon er ei av årsakene til at skred vert utløyst. Faresoner mindre enn 10 dekar var ikkje inkludert før omlag 2010 og heller ikkje faresoner langs kysten. Kartlegginga vert utført etter plan for skredfarekartlegging - Delrapport kvikkleire.

Ei detaljert skredfareutgreiing skal avdekke den reelle skredfaren som skal dokumentere om eit område tilfredsstiller krava til tryggleik i Byggteknisk forskrift (TEK17 § 7-3). Ved utbygging i kvikkleiresoner eller områder med kvikkleire som ikkje tidlegare er kartlagt vert den reelle skredfaren dokumentert ved ei utgreiing av sona. Soneutgreiinga gjerast i samsvar med Kvikkleireveilederen (NVE veileder 1/2019: Sikkerhet mot kvikkleireskred).

Detaljnivået på utgreiinga avheng av kva som skal byggast (tiltakskategori). Dette kjem fram av kapittel 3.3 i kvikkleireveilederen. Dersom det som skal byggast er i tiltakskategori K3 eller K4 (bl.a. ved tilflytting av personar), så må det gjerast ei soneutgreiing. Dette er skildra i prosedyren i kapittel 3.2 i kvikkleireveilederen. For andre tiltak kan andre krav gjelde, men uansett må kvikkleireveilederen følgast for å unngå at tiltak utløyser skred.